Fekk eit spark bak….

 Solfrid og Roy-Arne frå Osterøy er samboarar med 2 born på 2 og 10år. Solfrid er fagarbeidar i barnehage medan Roy-Arne arbeidar som taxi sjåfør. Med små born og ein hektisk kvardag har trening blitt nedprioritert for Solfrid som i mange år har hatt ein aktiv livsstil. Dei delar begge lidenskapen for fjellet og naturen, men merkar at kosthald og trening ikkje har vore så stor del av livet deira som ynskja. Hausten 2019 dukka det opp ein moglegheit om å delta på Livea Xpress testgruppe på Nr1 Fitness Osterøy. Paret var blant over 20 søkjarar til prosjektet, og 2 av dei heldige utvalde.

“Min kvardag før eg byrja på Livea gjekk i arbeid – studier – unger. Trening var dessverre nedprioritert i kvardagen. Lysten var der, men unnskyldningane for at eg ikkje hadde tid å trene vart fleire og fleire”, fortel Solfrid. “For min del har kvardagen vore prega av alt for mykje mat og SNOP!”, fortel Roy-Arne. “Eg har diabetes 2, så dette har ikkje vore ein ideell livsstil. Energi og overskot har vore fraværande i lang tid. Eg gleder meg til dette snur, slik at eg kan bli ein aktiv pappa”, fortset han.

Begge meldte seg på Livea Xpress testgruppe for å få motivasjon og eit realt “spark bak”. I tillegg til å bli sprekare ser dei fram til å bli kvitt nokon kg fram mot jul. Solfrid har frå før av satt seg eit mål om å delta på Bergen Halvmaraton i april. Ved spørsmål om kor ho ser seg sjølv om 6mnd svarar ho slik: “Då har eg akkurat gjennomført halvmaraton. Kvardagen består av ein god balanse av trening og sunt kosthald saman med familien min”.
“Om 6mnd spradar eg rundt i baris og koser meg glugg”, ler Roy Arne. “Slik eg ser meg sjølv om 6mnd er energien på topp, eg trener fast fleire gongar i veka. Snop er kun laurdagar og ellers håpar eg at eg er sjuuuukt lykkeleg”, fortsett han med eit smil om munnen.

Det livlege paret ser fram til vekene framover på kurset saman med dei andre deltakarane. Og forventningane er klare: “At det skal vera eit godt fellesskap, gøy å trene saman og at ein får god backup både av dei andre deltakarane og av kurshaldar Victoria”, fortel Solfrid.

“Eg forventer å gå ned ca 10 kg på 8 veker, at kosthaldet og generell form blir betre, og at det skal vera gøy samtidig som me trenar”, fortset Roy-Arne.

Gjengen er no i gang og me ser fram til fortsettelsen! Me ynskjer dette flotte paret og alle andre lykke til og vil kome med ny oppdatering etter kvart!