“Eg må sei eg synest det er kjekt å sjå seg i spegelen, for å så oppdaga at det faktisk er musklar der.
Desse har vore gøymt under spekk i MAAAANGE år!”

Livea Xpress testgruppa er no ferdig med kurs! Utsagnet over kjem frå Roy Arne som er godt nøgd med resultatet etter 8 veker på kurs. Allereie etter kort tid, kjente heile gjengen på positive endringar på kroppen. Gruppa har til saman gått ned 50,8 kg!

Stor fremgang!

Fleire merkar at dei er blitt sterkare gjennom aktivitetar dei gjorde før kurset. Janniken som har klatra ein del dei siste månadane merker stor framgang på klatretrening. Rett før kursoppstart kunne ho klatra tre gonger opp i taket på idrettshallen på den lettaste veggen. Tre veker ut i liveakurset var ho tolv gonger oppi taket på medium vanskelighetsgrad. Dette samsvarer med resultata frå styrketestane som blei gjort. Alle persa på samtlige av øvelsane som vart gjort ved start og slutt på kurset.

Motiverende!

Første veka gjennomførte alle også 3000m på mølle. Deltakarane beskreiv denne testen som tung og slitsom. Nokon kjente også på ulike vondter rundtom på kroppen. Siste veke før kursslutt sprang dei 3000m på nytt. Samtlige forbetra tida med ca. 2 min eller meir! Sjølv om alle sprang fortare denne gongen, kjentes det også lettare ut og vondtene dei kjente på før var no blitt mindre. Dette gjer god motivasjon til å fortsette treninga også etter kurset.

Bedre humør og energi!

I tillegg til at styrken og kondisjon auker kjenner dei også at humøret og energien er betre. Det har vore lettare å komma seg på trening når ein skal møte fleire. I tillegg har det vore godt for deltakarane å vete at det er ein personleg trener der som har laga eit bra opplegg og som pusher og motiverer.

Kosthaldet var kanskje det gjengen frykta mest, ete mindre og det å bruke måltidserstattarar. Dei er einige i at det var overraskande lett å bruke Liveamaten. Alle seier også at dei er blitt meir bevisste på kva mat dei et og teoritimane me har hatt gjer at dei har fått meir forståelse på kvifor det er viktig å velje riktig mat.

“Det er veldig motiverande at eg no får på meg bukser som er ein størrelse mindre enn då me begynte kurset. Så det har gitt resultat”.

– Janniken.

No gjeld det å fortsette på eigen hand, me heier på dei og ynskjer dei lykke til vidare på reisa.

ØNSKER DU EN UFORPLIKTENDE SAMTALE?