-Helge, Xpress deltaker ved Nr1 Fitness Osterøy.

TIPS TIL ENDRING AV LIVSSTIL!

Helge Låstad frå Osterøy har i lengre tid slitt med overvekt og hatt dårleg motivasjon til å komma seg på trening. Han trengte eit puff ut av godstolen. Då han såg moglegheita til å bli med på Livea Xpress kurs kunne han ikkje anna enn å prøva. I løpet av 8 veker gjekk han ned heile 10,9 kg.

For Helge var det veldig motiverande at endring av trening- og kostvaner førte til raske resultater på vekta. Trening i ei gruppe som heia kvarandre fram gjorde og at dagane gjekk endå lettare. Det var eit veldig godt fellesskap i gruppa, noko han meiner er viktig når ein skal gjere ein livsstilsendring.

I tillegg lærte han mykje undervegs av kurshaldar og det førte til at også eigentreninga vart gøyare å gjennomføra. Han fekk meir kunnskap og følte seg dermed også meir sjølvsikker på trening samtidig som han blei mykje meir bevisst på kva slags mat han burde ete.

I løpet av kurset trente han 4-5 gonger i veka. For Helge var det betre å ta seg ei treningsøkt enn å sitte inne å venta på å bli sulten, som han så fint sa sjølv. “Eg hadde dei fleste øktene på Nr1 Fitness Osterøy, ellers gjekk eg også turar i nærområdet. Men det aller kjekkaste er å vere på senteret med så flinke og motiverande ansatte”, fortel Helge.

På grunn av dei gode resultata frå Xpresskurset valte han å ta eit steg lengre, og utfordra seg endå meir. Helge meldte seg derfor på Livea Livsstilskurs for å gå ned endå nokre kilo, og for å jobba vidare med å halde fokus på riktig mat og trening. Dette for å legga grunnlaget for framtida og ei langsiktig livsstilsendring!

Kvardagen på jobb og heime er vorte lettare for Helge. Han har fått meir energi som har ført til at han lettare kan halde fylgje med sine tre born. Helge ser fram til å fullføra kurset og dagane som kjem etterpå.

Her kjem 3 tips til deg frå Helge:

  1. Det å delta på kurs gjer at du blir ein del av eit fellesskap. Trening saman med fleire som jobbar mot same mål gjer vegen enklare og kjekkare å gå.
  2. Kunnskap om mat og trening er eit viktig hjelpemiddel når ein skal gjera ei endring. Det er motiverande å læra noko nytt, og det er lettare å motivera seg sjølv når ein har kunnskap om kvifor trening og eit sunt kosthald er viktig.
  3. Planlegg treningsøkter, kom deg ut av sofaen og gjennomfør treninga du har planlagt. Ein tenkjer mindre på mat når ein er i aktivitet.