HELSEGEVINST

Mykje betre form. Både rygg og kne er så og sei knirkefrie.

Ryggsmertene er vekke og det er heilt fantastisk.

MOTIVASJON

Bjørnar starta på kurset fordi det var på tide med ei endring i matvanene mine, og for å gå ned
i vekt for å få ein lettare kvardag.

Det positive med eit sånt livstilskurs er at det inneheld ein del trening i tillegg til lærdom
rundt mat, og faktisk ein del rundt det psykiske som omhandlar trening og kosthold. Det som
motiverte meg var nok det å få ein lettare kvardag, og å kunne utføre kvardagslege handlingar uten å oppleve smerter og ubehag.

Vanene mine før var veldig dårlige. I forhold til kosthold vart stort sett ingenting gjort riktig. Eg
kunne ofte la vere å ete før seint på kvelden, og gjerne alt for mykje. Med ein hektisk arbeidsdag
var det vanskeleg å planlegge og legge tilrette for kosthold. I løpet av kurset lærde eg mykje
om korleis bryte med dårlege vaner og få inn gode rutiner. Kurset handlar ikkje kun om
kosthold og trening, ein pratar også ein del om det psykiske rundt heile prosessen.

Kurset har i all hovudsak gjort at eg kan gå tur i fjellet og naturen igjen uten å få vondt i rygg og bein etter eit par 100 meter.

Kvardagen har blitt mykje enklare og eg har fått meir energi.

Eg har ikkje minst fått opp augene for sunn og bra mat. Sunn mat treng ikkje smaka kjedelig, og det
treng heller ikkje ta allverdas tid å tilberede, ein må berre bli litt kreativ. Dette kurset har verkeleg
vist meg at ein kan få til det ein vil, og at ein ikkje må gi opp.

OPPSUMMERT

Å byrje på Livea Livsstil, og gje meg sjølv ein betre livsstil er noko av det luraste eg
har gjort for meg sjølv. Med ein lettare kropp er det enklare å leva eit sprekt og aktivt liv. Eg har
fått verktøyet til å greia å eta riktig mat. Me var ei gruppe på heile 12 stk på kurs, og det er noko
ekstra spesielt ved å ha eit slikt støtteapparat, der alle er i samme situasjon og har det samme
ynskjet. Det er no jobben byrjar vidare, men no har eg verktøyet og støtteapparatet eg treng for
å få det til!