Synnøve var ei av mange som ynskja å vere med då me søkte etter deltakarar til ei testgruppe for Livea xpress, og ho var ei av dei som me hadde veldig lyst til å ha med oss på kurset.
Dette vart det fyrste Livea Xpress kurset me arrangerte hos oss.
No eitt år etterpå, er me på Nr1 Fitness Stord ,klar til å starte med Livea livsstil.

Dei 8 vekene Synnøve deltok på xpresskurset var inspirerande og lærerike.
Der fekk ho satt trening og kosthald i system igjen, etter å ha latt det skure i nokre år.
Spesielt nemnar ho dette med at ho sleit med å eta frukost før dagen starta og vart då slapp utover dagen. Undervegs på xpresskurset klarte ho å snu mange dårlege vanar, blant anna dette med frukost.
Resultat av dei 8 vekene på kurs var 9,5 kilo vektreduksjon, auka styrke og betre kondisjon.

Då treningssenteret måtte stenge i mars 2020 grunna korona, vart det utfordrande.
Gode rutinar på kost og trening vart vanskeleg å halde, og det gjorde at vekta gjekk opp igjen med eitt par kilo.
(Nokre andre som kjenner seg igjen?)

Då treningssenteret opna igjen i juni så tok ho i bruk det ho hadde lært om kosthald og trening undervegs på kurset, og var snart attende i trening igjen.
Vekta var snart nede på vekta etter xpresskurset igjen, og har sidan det minka ytterlegare.
No, eitt år etter oppstart av kurset verkar det som vekta har stabilisert seg på 11 kilo mindre enn då ho starta.

På hausten meldte ho seg på PT-sterkare, for å få litt ekstra hjelp til treninga utover hausten. Dette gav gode resultat, og ekstra inspirasjon for trening.

Etter dette er ho komen i gang med regelmessig trening, og trenar no fast 2-3 gonger i veka.
Det går i eigentrening og forskjellige gruppetimar.

Noko som verkar utruleg når ein har kjent Synnøve i nokre år, er at ho seier at humøret er enda betre no, enn det var når kurset starta.
Ho er ein som sprer glede rundt seg, og alltid er i godt humør 😊

Kvardagen er lettare, og det merkst veldig godt at styrken er auka.
I jobben er det ein god del tunge løft, og desse går mykje lettare no enn dei gjorde for eitt år sidan.