Ludvik gjekk ned heile 28 kg i løpet av livea
livsstilskurset!
Ludvik har vore medlem sidan september 2016, han har trent jamt 2-4 gongar i veka. Han var
ganske nøgd med det han hadde oppnådd av all treninga og følte ikkje noko særleg behov
for å gå ned i vekt. Etter ein prat med hans personlege trenar bestemte han seg likevel for
å prøve livsstilskurs våren 2020.
Etter 16 veker hadde han gått ned 28kg! Då kjente han også
kor godt det gjorde å gå ned i vekt. Kvardagen kjentest lettare ut, kondisjon var forbetra og
motivasjon til vidare trening økte. Han kjente også at psyken var betre, noko familien også
merka.
Han beskriv dei første vekene av kurset som lettast, då ynskje om å bli betre trent var stor.
Etterkvart som han blei kjent med dei andre deltakarane blei han meir og meir motivert
av å møta dei igjen og vera ein del av gruppa.
Utfordringa kom når koronasituasjonen oppstod, og gruppa ikkje lengre kunne møtast,
men kurset fortsette digitalt og vekta viste gode resultat. Dei gode resultata motiverte han
gjennom siste del av kurset og med vissheita om at dei skulle tilbake til treningssenteret og
møta både deltakarane og tilsette igjen, gjorde det lettare å holda fokus. Dette skulle han klare.
Livea har lært han mykje om kosthald, og Ludvik seier det er godt å kjenne at sunn mat førar til
meir energi og overskot. No tenkjer han meir over kva han et til kva tid. Grønsaker, som han
ikkje likte før, er no med i kvart måltid. Han kjenner det godt på kroppen når han har ete
noko usunt eller for mykje mat. Det resulterer som regel i magesmerter, og lite energi.
Ludvik er veldig nøgd med kurset og er motivert
til å fortsette. Han gler seg til oppfølgingskurs i haust og kjenner at det blir kjekt å treffa gjengen
igjen for å trene saman.
Eit godt mattips frå Ludvik dersom du ikkje er
så glad i «gras» som han seier, er å tilbereda grønsaka på forskjellige måter for variasjon.