Evy si historie

“Livea har eit ynskje om å gje deg ein betre livskvalitet, for å få det til må du øve deg på å vere tilstades i eigen kropp og ha fokus på her og no”

Evy er gift, har fire vaksne barn, barnebarn og er hundeeigar. Hun er  utdanna førskulelærar og jobbar som pedagogisk leiar. På fridtiden er hun lokalpolitikar, strikkeentusiast og ivrig mosjonist.

3 ord som beskriver Livea :

  1. GLEDE –  Det første eg kom på var «glede». Når eg ser tilbake på Liveakurset tenkjer eg på kor kjekt det heile var. Gjennom god gruppedynamikk heilt frå start av blei me som ein liten Liveafamilie som støtta og heia på kvarandre. Eg opplevde også ei stor meistringsglede gjennom treninga på treningssenteret
  2. TRYGGHEIT-  Eg gjekk aldri vegen åleine. Eg opplevde ei fantastisk oppfølging og vart alltid møtt med eit smil frå både tilsette og andre medlemmar. Eg kjente fort at for meg var dette rette måten å kunne få til ei varig livsstilsendring.
  3. LIVSKVALITET – Livskvaliteten har i løpet av Liveakurset vore gjennom ei stor endring, den er blitt så mykje betre enn kva eg nokon gong kunne draumt om

Før eg tok mot til meg og meldte meg på Livea livsstilskurs var kroppen tung og helsa mi blei meir og meir prega av ein altfor høg BMI. Eg gjekk turar i fjellet, noko som opplevdes både tungt og slitsomt – og som heller ikkje gav noko særleg helsegevinst. Livsstilssjukdomar kom snikande ein etter ein, td høgt blodtrykk, stress, uro og dårleg søvn.

Eit ankelbrot var det som til slutt vippa meg heilt av pinnen og som fekk meg til å innsjå at eg måtte gjere ei endring. Legen som opererte var svært direkte og gav grei beskjed om at den skada ankelen i lengda ikkje ville tole den høge vekta mi, skulle eg ha håp om ein aktiv og god funksjon etter skaden, måtte eg ned i vekt. Eg innsåg til slutt at vekta faktisk ville bli ei hindring for både arbeidsevne og livskvaliteten framover – noko måtte skje.

Eg tok kontakt med Nr1 Fitness Osterøy, litt skeptisk til heile greia mota eg meg opp til ein samtale. Etter eit fint møte med Liveaansvarleg gjekk eg ut frå senteret med trua på at dette skulle eg klare. Eg starta på Livea Livsstilskurs august 2020 og gjekk ned heile 30 kg, og prosessen har utruleg nok vore både enkel og morosam!

Dei første vekene på kurset var greie å følgje sidan måltida kun bestod av Livea måltidserstattarar og utvalte grønsaker. Det å vere i ketose var heller ikkje noko problem, den mentale helsa mi blei faktisk betre av det. Det var også svært lett å planlegge undervegs, ein slapp å tenkje så mykje på mat i starten av kurset, og kunne bruke tida på å setje seg inn i det teoretiske materiale for så å gjere teori om til praksis. Dette gjorde at eg fekk god forståing for å kunne klare meg på eigenhand når kurset var slutt. Ei gradvis oppgradering til meir vanleg mat i siste halvdel av kurset gjorde det enklare å legge inn gode og varige vanar. Heile prosessen kjentest både trygg og oversikteleg.

Det beste med Livea for meg var nok at hovudfokuset gjennom kurset ikkje var kosthald og slanking, men sunnheit, livsstilsendring og ikkje minst mental bevisstgjering. Livea har eit ynskje om å gje deg ein betre livskvalitet og den mentale biten er mykje i fokus, noko som eg meiner er avgjerande for å kunne lukkast. Bevisstgjering når det gjeld kva val ein tar og kvifor, var noko av det me jobba mykje med, viktigheita av og kunne vere «tilstades» i eigen kropp, ha fokus på her og no, og ikkje minst hugse at om ein tar eit dårleg val, kan neste val alltids bli betre – det er nemleg aldri for seint!

Resultata eg opplevde undervegs og etter kurset er betre søvn, meir energi, eit blodtrykk som har stabilisert seg, ei indre ro og ikkje minst treningsglede. Noko av det beste er at det ikkje berre er eg som kjenner på dei gode effektane, folk rundt meg ser det også.

Eit nøkkelord for å få til eit godt og varig resultat er «treningsglede». Lag deg gode rutinar for trening, du tenkjer mindre på mat og det blir lettare å planleggje dagen. Og om du trur du ikkje klarer å trene, jau, det gjer du. Ein kollega sa til meg: « når du kan, vågar eg også!”. Så ja, du kan!! Eg deltek på gruppetimar og tenker ofte at dette blir for vanskeleg, men så gjennomfører eg timen og det går faktisk alltid bra. Ingenting er betre enn ei kjensle av meistring, noko som igjen gjer meg dobbel treningsglede. Hiv deg rundt og bli med – du fortener ein aktiv og glad kvardag.

Evy Bysheim Pedersen
59 år
Gått ned 30 kg
Nr1 Fitness Osterøy