Deltaking på Livea Xpress var det som skulle til for at Cato, og dei andre deltakarane på
Nr1 Fitness Stord sitt første Xpresskurs, fekk treningsgleda tilbake.
Etter at motivasjonen for trening svikta, kondisjonen vart dårlegare, og vekta kraup sakte
oppover, bestemte Cato seg for at det var på tide å ta nokre grep.
Dei siste par åra hadde treninga bestått av ei spinningøkt iblant, og ein tur i veka saman med
vener.
Då Nr1 Fitness Stord søkte etter 8 deltakarar til ei test gruppe for Livea Xpress i desember 2019,
søkte Cato om å få vere med, og vart plukka ut som ein av deltakarane.
Enkle greie råd om kosthald, og to faste treningar i veka, gjorde at vekta byrja å krype
nedover, og treningsgleda kom kjapt tilbake.

No er han ivrig deltakar på spinning, trenar styrke på eiga hand, og dei faste turane med
venegjengen er vorten lettare.
Med unnatak av ei, så kjente ikkje Cato dei andre deltakarane på kurset, men i løpet av
dei 8 vekene som kurset varte vart dei ein samansveisa gjeng, og dei var ofte på trening i
lag, utanom dei faste treningsøktene.

Resultat etter 8 veker på kurs vart ein vektreduksjon på 11,2 kg, og 3000 meter vart
tilbakelagt 5 minutt og 9 sekundar raskare enn ved kursstart.
Det vart òg ei tydeleg betring av styrke.
Eitt av måla med å melde seg på kurset var å gå «Topp 8», her på Stord. Det er ein lokal fjelltur
som vert arrangert kvart år i månadsskiftet mai/juni.
Koronapandemien stoppa felles tur, så no vert det eventuelt å ta turen saman med
venegjengen. Gjennom perioden med stengte treningssenter har Cato framleis halde på dei
gode vanane, og kombinert fornuftig kosthald, og Liveaprodukta, saman med eigentrening og
utetimar.

Cato seier at treningsgleda er på plass igjen, og no er treninga vorten ein del av kvardagen igjen.